- Ein viktig milepæl for Danielsen
Rektor Martin Ruud ved Danielsen ungdomsskule Sotra meiner støtta frå kommunestyret er sterk nok til å gå vidare med søknaden om barneskule.
Publisert i VestNytt 23. september 2006. Av Karstein Sæverås
STRAUME: Nær to av tre folkevalde i kommunestyret torsdag sa seg positive til søknaden om å starta opp barneskule på Straume.
- Med ei regjering som er negative til friskular er det viktig for oss å ha politisk støtte lokalt. No kan me gå til Utdanningsdirektoratet og departementet med større frimodigheit. Me veit at me er ønska i Fjell, seier rektor Martin Ruud.
Sjølv om rektoren opplever den lokale støtta som sterk, gjekk altså vel ein tredjedel av representantane mot ein positiv uttale for friskule på barnetrinnet. Skiljet mellom ja og nei går langs velkjende ideologiske frontar. KrF, Frp, Sp og Høgre viser til valfridom for elevar og foreldre som det viktigaste argumentet for å seia ja. SV, Ap og delar av Sotralista viser til vanskelegare økonomi og planlegging i den offentlege skulen når dei seier nei til friskule. Dei meiner barneskulen vert svekka som samlingspunkt i bygdene og fryktar at grunnlaget for ein del grendeskular vil falla bort. Dei fleste av nei-argumenta fell ikkje i god jord hjå Martin Ruud.
- Uroa for grendeskular kan eg skjøna, men eg trur ein barneskule hjå oss vil henta flest elevar frå Litle-Sotra. Her manglar jo Fjell kapasitet i den offentlege skulen, seier Ruud. Han trur det vil vera rom for både ein ny offentleg barneskule og ein Danielsen barneskule, med den byveksten ein legg opp til på Straume. Viss sentrale styresmakter seier ja er planen å starta skule hausten 2008, for gradvis å bygga seg opp mot 400 elevar delt på 14 klassar i eit nytt skulebygg på Straume.
Oppdatert: 25.06.2008 13:27
av Ingvill K. Blom
Telefonnummer
Kontoret: 56 31 36 00
Skulefritidsordning: 47 48 83 35


Skulerute 2010-2011