Danielsen treng større lokale
Barnehagen må ut når Danielsen skal inn. Den opne barnehagen i Straume Idrettspark må finna nye lokale når Danielsen utvidar med barneskule.
Av Karstein Sæverås
STRAUME: Barnehagen held til i tredjeetasje i Idrettslaget Øygard sine lokaler, der Danielsen har gjort avtale om å leiga areal frå hausten av. No må KFUK/KFUM finna nye lokale til den opne barnehagen dei driv i idrettsparken.
- No er me nøydde til å finna nye lokale på kort varsel. Men me er i god dialog med Øygard og satsar på å kunna flytta ned i førsteetasje hjå idrettslaget, seier styrar Monica Berntsen til Vestnytt.
Tredjeetasjen er med andre ord brukt til meir enn utleige som festlokale, slik Vestnytt skreiv torsdag. Barnehagen vil uansett få ekstraarbeid med å skaffa seg ny godkjenning, sjølv viss dei berre må flytta ned to etasjar. Den opne barnehagen er eit tilbod til alle som ikkje har anna barnehageplass. Barna har med seg ein omsorgsperson og får leika med andre ungar, medan barnehagen stiller med pedagogisk leiar. I tillegg til Straume har KFUK/KFUM opne barnehagar også på Landro og på Fjell gard.
- Det er mange som nyttar seg av tilbodet vårt, og me meiner me gjer ein viktig jobb, mellom anna med tanke på integrering. Me har godt håp om å kunna halda fram også på Straume, men er avhengige av at Fjell kommune godkjenner nye lokaler, seier Monica Berntsen.
Kommunen stiller mellom anna krav som går på at kvart barn må ha eit visst tal kvadratmeter opphaldsareal. Samstundes skal barnehagen ha dekka utgifter til leige og løn, slik at verksemda går i null.
- Me vonar å få godkjend sambruk med Øygard sin kafeteria, slik at me kan bruka lokalet til barnehage på dagtid. Viss ikkje har me knapt med tid til å finna andre lokaler, men målet er uansett å driva barnehagen vidare også på Straume, seier Monica Berntsen.
Danielsen hadde først planar om å starta barneskule med tilbod til første- og andreklassingane. Men no vert det også tredje- og fjerdeklassar, og det følgjande plassbehovet er årsaka til at Danielsen skal leiga ein større del av Øygard IL sine lokale i Straume idrettspark.
Oppdatert: 25.06.2008 13:24
av Ingvill K. Blom
Telefonnummer
Kontoret: 56 31 36 00
Skulefritidsordning: 47 48 83 35

