4_2002_0.png
  • arena3.gif
    its.gif
    print.gif
    email.gif
tips en venn
utskrift

Danielsen søkjer om barneskule

Privatskulen Danielsen på Straume ønskjer å utvida tilbodet sitt til også å omfatta barnetrinnet.

Publisert i VestNytt 15. juni 2006 av Marit Kalgraf


I første omgang har skulen vendt seg til Fjell kommune for å høyra korleis dei stiller seg til spørsmålet.

- Sjølv om det er direktoratet og departementet som avgjer, er det viktig for oss at kommunen stiller seg positiv, seier rektor Martin Ruud ved Danielsen ungdomsskule Sotra. Søknaden til direktoratet vil bli sendt i løpet av dette året.

Finst ikkje i fylket
Per i dag finst det ikkje privatskular med barnetrinna frå 1. til 7. klasse i Hordaland. Danielsen har ungdomsskule på Straume og er no i ferd med å starta opp barnehage i same området. I Bergen har stiftinga ein ungdomsskule, ein vidaregåande skule og eitt intensivgymnas.

- Grunnen til at me vil søkja om å få utvida verksemda vår, er at mange foreldre etterspør eit tilbod på barnetrinnet, fortel Martin Ruud.

Han er ikkje så glad i ordet privatskule, han føretrekk friskule.

- Friskule seier noko om at foreldra får velja. Ordet privat er blitt ei bør, det har aldri vore meininga at me skal tena pengar, understrekar Ruud.

Håpar på politisk endring
Som alle andre som driv friskule, tykkjer Ruud det er trasig at dagens regjering hindrar nyetableringar av privatskular. Like etter at dagens regjering var på plass, sette dei foten ned for den nye friskulelova som opna for etablering så sant kvalitetskrava var oppfylte. No varslar regjeringa endringar og ei ny privatskulelov.

- Me søkjer om utviding trass i at dagens regjering har stoppa nyetableringar av friskular. Prosessen tek tid, og endringar kan skje politisk også, seier Ruud.

I teorien kan Danielsen vera klar til å starta opp barnetrinnet allereie neste haust.

- Det er lov å håpa på under, men hausten etterpå er nok meir sannsynleg, trur Ruud.

Trur på positiv respons
Tanken er at bygget for barnetrinnet skal liggja i nærleiken av dagens ungdomsskule i Straume idrettspark.

Per i dag er det berre halvparten av søkjarane til ungdomsskulen som får plass, så skulen har ingen problem med å fylla opp plassane.

Martin Ruud kan ikkje sjå at eit barnetrinn ved Danielsen kan vera negativt for Fjell kommune.

- Folk flyttar til dette området, og trongen for skular aukar. Difor forventar me nok ei positiv tilbakemelding frå Fjell kommune, seier Martin Ruud.

Oppdatert: 25.06.2008 13:28
av Ingvill K. Blom

Ta kontakt





Telefonnummer

Kontoret: 56 31 36 00
Skulefritidsordning: 47 48 83 35

Danielsen Barneskule Sotra. Straume idrettspark, 5353 Straume. Telefon: 56 31 36 00
Utviklet av Renommé Communication