God plass på Danielsen barneskule
Sjølv om den formelle godkjenninga ikkje er på plass, prøver den kristne friskulen Danielsen no å fylla opp 1. og 2. klasse på Straume.
Publisert i VestNytt 1. november 2007. Av Marit Kalgraf
- Styret vedtok i september at vi startar opp 1. og 2. klasse neste haust, opplyser rektor Martin Ruud.
Søknadsfristen gjekk ut 15. oktober, men så langt er det søkt om plass til berre 20 elevar totalt til dei to klassane.
Forventa større respons
- Vi er ikkje nøgde med responsen. Det er så mange som har sagt at vi må starta opp barneskule, så vi ventar på ein del foreldre, seier rektoren.
Til ungdomsskuleklassane på Danielsen er det enorm pågang. Her er klassane fulle lang tid på førehand.
- Slik er det ikkje til barnetrinna så langt. Men 20 elevar er likevel nok til at begge klassane blir starta opp, seier Ruud.
Søknadsfristen gjekk ut 15. oktober, men med så god plass er det framleis mogleg å melda seg på.
Purrar på godkjenning
Danielsen ventar framleis på den formelle godkjenninga frå direktoratet. Fleirtalet i Fjell kommunestyre har uttalt seg positivt til etablering av barneskulen.
- Når no Frp, KrF og Høgre er komne til makta i Fjell, er støtta i kommunen enno større enn før, meiner Ruud.
Skulen har forsiktig purra direktoratet for å få godkjenninga på plass.
- Vi ser det som ein formalitet. Godkjenninga kjem før oppstart, trur rektoren.
Planlegg nytt skulebygg
Den langsiktige planen er å gi eit tilbod på alle trinn i barneskulen, og gjerne parallellklassar dersom pågangen aukar. I første omgang har skulen plass til ein 1. klasse og ein 2. klasse i lokala dei har i dag.
Danielsen ønskjer å kjøpa ei tomt i området som ligg sør for skulen og idrettsanlegget til Øygard. Dette området er i dag ikkje utbygd.
- Vi har vore i kontakt med grunneigarane. Det er mange interessentar i området, som først må regulerast til allmennyttige føremål, seier Ruud. Her vil Danielsen byggja ein fullverdig barneskule inkludert SFO.
Vandrar i tru
Skal Danielsen kunna utvida med fleire klassar frå hausten 2009, må nytt skulebygg stå klart innan den tid.
- Vi håpar dette går i orden, seier rektoren. Elevane som eventuelt startar opp på Danielsen til hausten, vil kunna fullføra barneskulen uavhengig av nytt bygg.
- Kvifor er ikkje pågangen større, trur du?
- Noko anna enn offentleg barneskule er kanskje ein uvant tanke. Kanskje ventar folk på den formelle godkjenninga. Men vi er sikre på at den kjem. Det handlar om å vandra i tru, seier Martin Ruud.
Oppdatert: 25.06.2008 13:25
av Ingvill K. Blom
Telefonnummer
Kontoret: 56 31 36 00
Skulefritidsordning: 47 48 83 35


Skulerute 2010-2011