4_2002_0.png
  • arena3.gif
    its.gif
    print.gif
    email.gif
tips en venn
utskrift

Heim-kyrkje-skule: Ein god trekant

Frå gamalt av har heim, kyrkje og skule hatt same mål for oppsedinga.
Kyrkja og skulen formidla dei same verdiane som heimen stod for.
Skulen var ikkje berre ein stad for opplæring i å lese, men ein stad der ein skulle lære kva som var rett og galt.
Etter reformasjonen fekk me lov om konfirmasjon og "lov om allmueskole".

Publisert i Kyrkjeblad for Fjell, nummer 4 2007. Av Martin Ruud, rektor

Slik var skulen eit viktig bindeledd mellom heim og kyrkje.
Slik har det vore i fleire hundre år heilt fram til siste verdskrig.
Etter krigen vart klimaet endra.
Skulen skulle vere nøytral, all forkynning skulle bort og lærarane skulle vere formidlarar ikkje påverkarar.

Det tradisjonelle kristendomsfaget fekk ein svekka posisjon og ein innførte noko ein kalla livssyn. Dette vart etter kvart jamstelt med kristendom. Siste utspel vart eit KRL- fag der alle religionar og livssyn skulle jamstellast. Nå vil ein jamvel fjerne den kristne føremålsparagrafen.

Den kristne oppsedinga vart med dette svekka endå meir og faget vart ikkje oppdragande men orienterande.
Slik er stoda nå.

Samstundes opplever mange foreldre at samfunnet ikkje er til hjelp.
Normer omkring ekteskap og familie er svekka. Ein har fått alternative samlivsformer, til og med ordningar med "ekteskap" mellom to av
same kjønn.

Barn treng både mor og far. Barn treng faste rammer og trygge grenser
Skulen skulle hjelpe familie og heim i dette.

Framleis ber det store fleirtal borna sine til dåp i kyrkja. Dei tek det bryet det er å møte til dåpssamtale og lage til fest omkring sjølve dåpshandlinga. For mange er dette ein viktig del av familiens liv.
Familie og slekt kjem saman ved slike høve.

For kyrkja har skulen heile tida vore ein samarbeidspartnar ein kunne rekne med.
Kristendomsundervisninga var tufta på kyrkja si lære slik ho er skriven i bibelen. Nå er det ikkje slik lenger, og mange foreldre ser med uro på utviklinga.

Slik vil kristne skulealternativ verta meir og meir naudsynte.
Vi tek foreldra sin dåpslovnad på alvor og tilbyd hjelp i kristendomsopplæringa.
Når den offentlege skule ikkje lenger har denne oppgåva, må kyrkja gjera det sjølv. Dåpsopplæringsprogrammet kan nå langt.
Men for mange vil eit kristent skulealternativ vere betre.

Danielsen skular er 75 år i år.
Frå å vere ein privatistskule i 1932, er nå Danielsen skular eit stort konglomerat med vidaregåande skule, intensivgymnas, ungdomsskule i Bergen og på Sotra med til saman over 1200 elevar. Den er Noregs største, kristne friskule.

Vi som driv Danielsen Ungdomsskule Sotra har opplevd stor velsigning i arbeidet og mange foreldre vil at deira ungdom skal få den påverknad som ein kristen skule kan gje.

Om eit år startar me BARNESKULE på Straume. Dette er for dei foreldra som ser at det vil vere eit godt alternativ for deira born. Den offentlege skule i Fjell kommune er ein god skule. Men den offentlege skule har avgrensa høve til å formidle kristendom slik planane er etter kunnskapsløftet.

Danielsen skule er godkjend med eigen plan som tek vare på kristendomsundervisninga.

Oppdatert: 25.06.2008 13:28
av Ingvill K. Blom

Ta kontakt





Telefonnummer

Kontoret: 56 31 36 00
Skulefritidsordning: 47 48 83 35

Danielsen Barneskule Sotra. Straume idrettspark, 5353 Straume. Telefon: 56 31 36 00
Utviklet av Renommé Communication