Afrika 2015

Afrika 2015

På Osterøy drikk me vatn når me er tørste, me dusjar så ofte me vil, me vatnar plantane våre og mange kjører rundt i nyvaska biler.Me tar vatn som ei sjølvfølgje, og av og til irriterer me oss til og med over alt vatnet…Verdens Helseorganisasjon seier at heile 783 millionar menneske ikkje har tilgang på reint drikkevatn. Dette vil me på Danielsen gjere noko med.

Kenya og Tanzania er to land i Afrika der mange ikkje har reint vatn. Danielsen Ungdomsskule Osterøy har dei siste to åra hatt eit prosjekt der nettopp reint vatn for eit fattig område her har vore eit hovudmål. Elevane har hatt arbeidsdag, ryddedag, vaffelsal og ikkje minst misjonsløp for å samla inn pengar til arbeidet. Berre i fjor samla me inn 120000 kroner som uavkorta går til prosjektet.

Viktoria og Solveig ved den eine dammen.jpgI september fekk to elevar frå skulen vår, i lag med elevar frå Danielsen på Karmøy og Danielsen i Haugesund, muligheit til å reisa ned og sjå med eigne auge kva pengane går til. Reiseleiarar var rektorane, med ektefelle, på dei ulike skulane. Det var Norsk Luthersk Misjonssamband som dekka den to veker lange turen, i håp om at opplevingane skulle inspirera til vidare innsats for humanitært misjonsarbeid. Jubelen stod i taket då me rett før sommarferien fekk høyra at våre to søknadar vart plukka ut. Me skulle få lov å reise til Afrika! Sjølv ikkje sprøyteskrekk (vaksinar), livsfarlege dyr og fare for temperaturar opp mot 50 celsius kunne leggje ein dempar på gleda og forventningane… Nokon av oss hadde ikkje vore sør for Danmark!

Tidlig ein morgon i midten av førre månad stod me forventningsfulle og klare for å reise. Først fauk me til Amsterdam, derifrå gjekk turen til Nairobi i eit gigantfly på to etasjar.

Nairobi er hovudstaden i Kenya, og er ein av dei største byane på heile det afrikanske kontinentet. Herleg varme, uvante luktar og lydar frå språk me ikkje forstod. Det var kveld og mørkt, dei første nettene skulle me bu på det norske misjonssenteret Scripture Mission i hovudstaden. Her er det òg den norske skulen held til. Området var strengt bevakta, men me måtte likevel ha vindauga lukka. Dette var for å hindre apekattane i å komme inn og ta tinga våre.

Me fortsette reisa vår til Bangale, sju køyretimar med bil mot Somalia, for å sjå på arbeidet der. Hovudarbeidet for misjonærane i dette muslimske området var å skaffa reint vatn, gje helseundervisning og gje språkopplæring. Bangale låg i eit eit område med halvørken. Det var sand og boss overalt. Det var eit strengt muslimsk område, så me som var damer måtte dekke til både skuldrer, bein og hovud. Dette måtte me gjere for å vise respekt og for vår eiga sikkerheit. IMG_1804

Det tok ikkje lang tid før me fekk seriøse tilbod om giftarmål, dersom me ville droppa heimreisa og hellar slå oss ned der. 14 år var ikkje nokon spesielt låg alder å gifta seg på. Me valte heller å utsetta giftarmål til ein seinare anledning, trass i alle kamelane som var lova.

Me synest det var varmt, noko som ikkje var veldig rart, for det var 40 varmegrader. Me måtte bruka lommelykter når me skulle på utedoen. Ikkje berre for å finna fram, men for å vakta oss for skorpionar og farlege slangar som ofte var rundt huset.Ein av skorpionane vart knerta av ei vaksen lommelykt. Eine natta låg me jentene ute på eit vanntårn under open himmel, i seks meter høgde, og høyrde på hyenehyla om natta. Det var veldig spesielt. Folket som budde der var nomadar og levde av kamelane og geitene sine. Me fekk kamelkjøtt til middag, noko som faktisk var veldig godt! Folka var stort sett veldig hyggelege, men me såg at mange var stygge med borna der. Når me gjekk i landsbyen, mellom boder av bølgjeblekkskur, kom det ein flokk av born etter oss. Me følte oss som Justin Bieber for ei kort stund…

Me såg på fleire brønnar. Dei var ikkje heilt ferdige. Dei måtte bli ferdige med brønnane før neste regntid, for utan gjekk vatnet til spille. Det einaste vatnet som var i området, var oppsamlingsvatnet etter regntida som kom to gongar i året. Kamelar, esel og geit gjekk ut i vatnet som folka skulle henta vatn ifrå. Borna brukte heile dagane på å gå att og fram for å henta dette vatnet som me ikkje kunne tenka oss å vaska oss i eingong… Kva kunne våre innsamla pengar på Danielsen hjelpa på her? Det første som vart gjort i slike område var å stenga ute dyra sin frie tilgang til dammane. Deretter laga reinsingsanlegg og nye, store damanlegg. Inspirerande å sjå at alt arbeidet med innsamling til misjonsprosjektet verkeleg gav konkrete resultat for ein heil landsby!

I Bangale fekk me også vere med då den eine misjonæren på over 66 år, som òg var helsesøster, underviste i hygiene for landsbyens kvinner. Det var ikkje noko vanleg klasserom, me sat ute på eit teppe på bakken.
Helsesøstera underviste i heilt enkle ting som å vaske hendene før dei laga mat og å plukka opp boss etter seg. Veldig spesielt å vera med på dette. Nokre fekk òg vera med på språkopplæring for ei gruppe med kvinner.

Barnedødeligheten og analfabetismen er stor i Bangale. Når me reiste frå Bangale, var det med blanda kjensler. Me kunne reisa frå denne ekstreme fattigdomen, men det kunne ikkje alle dei som me hadde møtt der. Ei trøyst for oss var likevel dette, at me framleis kunne vera med og støtta arbeidet her på avstand. Å koma tilbake til Nairobi var som å reisa tilbake til vår tidsalder igjen.

Me drog deretter over grensa til Tanzania. Endelig var det tid for safari! Løver, sebra, struts, hyenar, flodhestar, gepardar og leopardar er berre eit lite knippe av alle dyra me fekk sjå. Nokre var òg så heldige at dei fekk sjå ein løvefamilie på jakt etter eit villsvin.

IMG_2382På veg vidare til Serengeti, var me på besøk i ein masailandsby. Av masaiane fekk me ein velkomstdans og me fekk dansa med dei (dei kunne hoppa veldig høgt!). Me fekk òg sjå korleis dei hadde det inne i husa sine, som var laga av pinnar og møkk. Dei klarte seg utan vatn, for dei drakk stort sett berre mjølk og blod.

Midt ute i Serengeti, den store nasjonalparken, skulle me sova i telt. Telta var heilt fantastiske og likna på hotellrom. Dei hadde til og med vassklosett… Men me måtte dusja før det vart mørkt, sidan dei som skulle heisa opp vatnet ikkje skulle kunna verta tatt av bøflar. Me kunne høyre løvebrøl om natta, og alt som beskytta oss var éin masai med spyd. Om morgonen fanga me ein stor skorpion utanfor teltet.
Etter fantastiske safaridagar skulle me få sjå ein anna del av skulen sitt prosjekt. I Kiabakari i Tanzania skulle me bu på området til ein norsk familie, på same området som ein bibelskule me støttar.

På denne skulen arbeidde dei med grisehold, åkerarbeid og ulike fag. Dei skulle her utdanna seg i to år til å verta forsamlingsleiarar i landsbyane sine. Ein del swahiligloser lærte me fort. Visste du forresten at Kipilefti betyr rundkøyring på swahili? Me fekk prøva oss som engelsklærarar for elevar som var mykje eldre enn oss. Dei fekk klede og fotballar frå oss i gåve, noko dei jubla hemningslaust over. Treff du ein kar der i Kiabakari med Danielsen Ungdomsskule Osterøy-gensar på seg, så har me nok ein felles bekjent…
Etter eit tett program, dag etter dag, fekk me slappa av på Lukuba, ei øy i Victoriasjøen. Det var heilt fantastisk vakkert! Nydelege strender, moderne hytter og godt samhald. Me hadde lyst til å bade i sjøen, men det fekk me streng beskjed om å halde oss unna, på grunn av livsfarlege parasittar i vatnet. Me fann på andre ting å gjere på, og leikte i fleire timar. Gutane såg ein svart spyttkobra, men me andre såg berre hyggelege dyr.
Me kom heim frå Lukuba og kom tilbake til Kiabakari for å læra meir. Me fekk koma på besøk til desse to flotte hushjelpene som er født, oppvaksne, bur og lever der. Kiabakari er ein av dei farlege stadane i Tanzania, med black mamba, løver, rusa menn og mange andre skumle skapningar. Der som me så vidt kunne tenkje oss att nokon kunne leve, lever dei «trygt» og godt mellom fire veggar som skal passa på att ingen ubodne gjestar kjem inn. Lås hadde dei ikkje på dørene sine, ikkje det at dei hadde dører heller då. Kiabakari er ein av dei farlege stadane i Tanzania, med black mamba (som er den farlegaste slangen i verda), løver, rusa menn og mange andre skumle skapningar. Dette er ein plass der det lever menneske som er akkurat like verdifulle som oss, som fortener å leve like bra som oss. Den siste dagen i Kiabakari gjekk me på Bundafjellet i lag med bibelskuleelevane. Me gjekk i joggesko, dei gjekk i det eine paret dei hadde, alt frå dressko til stillettsko.

Me fekk besøke sjukehuset i Bunda (som betyr løveunge). Der fekk me sjå fødeavdelinga og barneavdelinga. På avdelingane låg ikkje pasientane på avskilte rom. I tillegg kom dei trillande ut med eit lik ut same inngangen som me kom inn. Me fekk sjå folk som sørgde veldig. Dei skreik og grein. Dette gjorde sterkt inntrykk på oss. Når ein var innlagt på dette sjukehuset, måtte pårørande komma og vaska og laga mat, dette gjorde ikkje sjukepleiarane. Sengene var utslitne, og utstyret var ikkje av det beste slaget. Det at framande som oss berre kunne gå rundt i korridorane og sjå på alt og alle, var spesielt. Utanfor var det hissige bavianar som prøvde å skremma oss. Me fekk halda ein nyfødt baby som var nummer elleve i barneflokken. Me lurte på kva framtid denne babyen ville få.

Etter at me returnerte til Nairobi og hadde fått shoppa med oss heim suvenirar og gåver, var det tid for å ta farvel med fantastiske Afrika. Rektorane våre (m/ektefelle) hadde jamleg snakka med oss om inntrykka som me fekk undervegs. Me hadde òg skrive blogg undervegs (www.safariyadu.no). No grua me oss til å forlata dei venlege og flotte menneska me hadde møtt, det gode samhaldet i gruppa og den gode pausen frå kavet heima i Noreg. Det hadde vore godt å stoppa jaget for ei stund. Her hadde me tid til å berre leva. I Noreg venta alle forventningane på oss. Men sjølvsagt òg vener, familie og vatn…
Me vil uansett aldri gløyma det me har fått vera med på.

Artikkel publisert i Bygdanytt 28.okt.
skriven av Solveig Torp Bell og Viktoria Skaftun Mæhle, 9. klasse på DUO

 

 

X