Aktiv leirskule i strålande sol

Aktiv leirskule i strålande sol

 

Veke 37 var det klart for at årets 8. klasse skulle reise på leirskule til Gullbotn. Her hadde me to knallfine dagar saman der me fekk ha litt skule, mykje leik og bli godt kjent med kvarandre.
Me starta med litt orienteringsundervisning på skulen onsdag etter lunsj før me pakka oss i bussane og drog avgårde. Ettermiddagens hovudaktivitet var bruskasseklatring. Mange ville prøve dette og rekorden var på 19 kassar. Ellers var det godt med tid til både leikar, spel, og aktivitetar i vatnet med trøbåtar, kano og bading.
Torsdag fekk me lynkurs i kappgang av Arild før han tok oss med ut i orienteringsløypa. Der var det individuell orienteringskonkurranse med stor innsats! Med strålande sol og varmt ver vart dette ein skikkelig utedag med mykje tid nede ved vatnet og trampolina. Der tok me også middagen som var bål-taco.
Ingen leirskule utan leirkveld siste kveld. Elevane førebudde sjølv innslag til kvelden, og engasjementet og lydnivået var høgt! Fredagens aktivitet var førstehjelpskurs  før me pakka og rydda oss ut av lokalet.
leirskule2 leirskule-3
X