Aktivitetsdag toppa 1. skuleveka

Aktivitetsdag toppa 1. skuleveka

Fredagen i første skuleveka, vart elevane «rista saman» etter lunsj. Elevane vart delte inn i to store grupper:

På skuleplassen var det ulike gruppeaktivitetar på gong for halve elevflokken:
Luftgeværskyting, Aktivitetsstafett, Adjektivforteljing, Smak og gjett/Kims leik og Test armmusklane dine.

Den andre elevflokken gjekk tur i nærområdet.

Etter ein fruktpause, var det skifte. Vêret viste seg frå si beste side – og vi kunne nyte sommartemperaturen før vi møtte helga etter ei flott første veke på DUO. Takk til Ellinor og Bodil som organiserte ei aktiv og kjekk økt! Dette freista absolutt til gjentaking!

 

 

X