Antirus-dag på DUO onsdag 5. november!

Antirus-dag på DUO onsdag 5. november!

Onsdag 5.november drar me i gang ein antirusdag for heile skulen vår. Me får storflott besøk frå både artist Hans Inge Fargervik, politiet og foreininga Juvente. Skuledagen vil vera variert med både konsert og ulike typar undervisning. Målet er at denne dagen skal vera med og utvikla kunnskap og gode haldningar hjå elevane til rus.

Om kvelden er det dei vaksne sin tur. Då vert det konsert med Hans Inge Fagervik kl. 19.30-21.30. Den første halvtimen vert det sal av mat og kaffi ved FAU.

Hans Inge Fagervik er ein profilert og erfaren musikar. Han har turnert i 25 land og har halde på i over 40 år som artist. Framleis er han ein svært ettertrakta musikar, og har nytta mykje av tida si til rusførebygging, mellom anna gjennom ”Maritastiftinga” og hans opplegg ”Rock mot rus”. Det er dette sistnemnde programmet me er så heldige å få vera med på 5.november.

X