Danielsenelevar til Afrika

Danielsenelevar til Afrika

15.-30. september reiser ei gruppe med Danielsenelevar frå Osterøy, Karmøy og Haugesund til Afrika. Solveig Torp Bell og Victoria Skaftun Mæhle er dei heldige frå Osterøy som skal vera med, i tillegg til rektor m/fru. Dei skal på nært hald få oppleva misjonsprosjektet til skulen vår, brønnboring og misjonsarbeid i Kenya og Tanzania.

I tillegg til at dette vert ein spennande studietur, vil dei òg få oppleva Afrikas fantastiske kultur og dyreliv. Dett vert nok ei reise dei aldri vil gløyma. Me vil ønskja dei riktig god tur!

Følg gjerne med på bloggen deira, www.safariyadu.no

X