Ein fantastisk klasse å reise på tur med!

Ein fantastisk klasse å reise på tur med!
Vekene rullar fort, og det er allereide fleire veker sidan 10. klasse var på tur til Krakow. Her kjem endeleg ein rapport frå turen:
Tysdag 23. september, var det ein spent gjeng som reiste frå Flesland til Krakow. Vel framme, fekk me bagasjen, og vart så bussa inn til Krakow sentrum. Der hadde me nokre timar til å nyta god mat, utforska markedsplassen og andre shoppingmogelegheiter. Klokka 19.00 ankom me hotellet og kunne «kule´an» litt før middag kl. 21.00, og ro på hotellet kl. 22.00.

Onsdag var det tidleg opp til frokost (VELDIG tidleg for nokon..), før ein totimars busstur til vakre Zakopane. Me hadde nydeleg ver, og ein fin spasertur opp til fjellet Gubalowka. I Zakopane hadde dei ein fantastisk flott marknad, og det vart gjort mykje god handel i marknadsbodane denne dagen ;)

Torsdag var det dags for saltgruvene. Fantastisk imponerande å sjå alle kunstverka som var hogde ut i saltstein av gruvearbeidarane. Krona på verket var sjølvsagt den rikt utsmykka saltkatedralen!

Etterpå reiste 13 elevar og 3 vaksne på go-kart. På bakgrunn av dei oppgira og energiske tilbakemeldingane, anser me dette som ein suksess som kan anbefalast til andre som skal reisa seinare ;)
Me avslutta kvelden med middag og folklore i Krakow sentrum. Her fekk alle svinga seg på dansegolvet, meir eller mindre frivilleg ;). Ein sporty gjeng som tok utfordringane på strak arm, og gjorde kvelden fantastisk kjekk, både for oss og for folkloregruppa som spelte og dansa for oss.

Fredag gjekk turen til Auschwitz. Der fekk me omvisning av ein veldig flink guide. Dette var ein sterk, vond og god dag! Det var mange sterke inntrykk. Mykje me fekk sjå og høyra, om ein ufatteleg vondskap sett i system. Det er umogeleg å ikkje verta berørt av dette. Midt oppe i dette, var det rørande å sjå kor flinke elevane var å ta seg av kvarandre, når inntrykka vart for sterke for nokon. For ei elevgruppe!!!

Laurdag fekk me sova leeenge. Det var frukost kl. 09.00 før me pakka og reiste til flyplassen. Det var ein sliten og glad gjeng, som gleda seg til å koma heimatt til familiane sine.

 

X