Elevrådet på plass!

Elevrådet på plass!

I går hadde Elevrådet v/DUO sitt første møte dette skuleåret. Med vararepresentantar tel Elevrådet 11 representantar. Inspektør er i tillegg kontaktlærar for elevrådet. På det første møtet vart leiar og nestleiar for elevrådet valt – og vi gratulerer Elina og Pauline med desse viktige verva! Leiar for elevrådet er i tillegg elevrepresentant i skulestyret for Danielsen-skulane, med møte-og uttalerett når skulestyret har møter.

Vi har stor tru på at Elevrådet ved DUO vil vere eit engasjert elevråd, som vil fremje mange gode og aktuelle saker som gjeld elevane sitt lærings-og skulemiljø. Lukke til!

X