Flott innsats på Ungdomsløpet!

Flott innsats på Ungdomsløpet!

Fredag var dagen då ungdommane i regionen skulle teste form og innsats i Knarvikmila sitt «Ungdomsløpet 2014».
Dette vart ein flott dag med god stemning i Knarvik. Elevane hadde det kjekt, både i løypa,- og med underhaldninga etterpå. Anniken Mjelde sprang inn til ein fin tredjeplass, med tida 09.06. Vi gratulerer den spreke 9. klassingen vår!
Det er stas å få vere med på dette flotte arrangementet år etter år!

X