Aksjon bossrydding
Tysdag deltok 8. klasse i "Hold Norge Rent"aksjonen som er arrangert av BIR. Virydda uteområdet mellom skulen og vatnet, og det var stor deltaking og iver blantelevane.
Les mer »Rektorskifte på DUO

Sommaren 2012 vert det rektorskifte på Danielsen Ungdomsskule Osterøy.
Jostein Fossmark, noverande rådgjevar, overtek stafettpinnen etter Laila Eidsheim som flyttar seg "norom brunæ" for å bygga opp Danielsen Ungdomsskule Frekhaug.
Jostein kjem frå Osterøy og kjenner svært godt til dei lokale forholda, både når det gjeld kommunen og skulevesen. Han har jobba mange år i kommunen og har eit stort hjarte for born og unge på øya. Når han til sommaren set seg i rektorstolen, er det med stort engasjement og eit snev av spenning i kroppen.
Les meir
SKIDAG for enhver smak
Torsdag 2. Februar stod bussen klar på tunet. Utenfor stod det drøye 50 forventningsfulle tenåringer klar med ski, staver, smørning, feller, hjelm, brett, ipod og niste. De skulle på årets og historiens første skidag med Danielsen Ungdomsskule Osterøy.
Les meir
VilVite
7. februar gjekk turen til VilVite for 9. klasse. Her fekk vi møte to vitenvertar som tok oss med på ei spanande reise på Vitensenteret. Programmet vårt heiter "Kraft og spenning", og vi snakka om el-tryggleik, brannvett, fekk lunsj og fekk utforske temaløypa. Der fekk vi "hands on" kjennskap til kraftverk der vi sjølve pumpa opp vassmagasina ved å sykle, vindkraftverk som vi også sykla i gang, generatorar og straumforbruk. Etterpå fekk vi utforske utstillinga i VilVite. Det var det mykje å prøve seg på, og veldig kjekt å få litt tid til dette- her kunne vi godt ha vore ein heil dag! Alt i alt var det ei fin oppleving på VilVite, og ei fin avslutting på temaa elektrisitet og energi som vi har arbeidd med i naturfag. Takk til vitenvertane som tok oss med - og til foreldre som stilte opp med skyss frå skulen etter ein litt utvida skuledag!

Høg fagleg standard på undervisning og læremiddel er viktig når ein driv skule. Vi ønskjer å ha nye og gode læreverk til ei kvar tid.
Fakta om DUO
Telefon nr:
56 39 50 70
Postadresse:
Danielsen Ungdomsskule Osterøy
Postboks 92
5291 Valestrandsfossen
Mail: duosteroy@danielsen-skoler.no
Besøksadresse:
Danielsen Ungdomsskule Osterøy
5281 Valestrandsfossen
Kalender
Mai 2012
Om Danielsen
Kristne friskular
Danielsen skoler er ei kristen friskulerørsle i Bergensområdet. Vi feira 75-års jubileum i 2007. Vi har 5 skular frå barnetrinnet til vidaregåande med omtrent 1 400 elever og rundt 120 tilsette. I Bergen sentrum ligg to vidaregåande og ein ungdomsskule. På Straume på Sotra ligg barneskule og ungdomsskule.
Våre skular:
- Danielsen Videregående Skole
- Danielsen Ungdomsskole Bergen
- Danielsen Ungdomsskule Sotra
- Danielsen Intensivgymnas
- Danielsen Barneskule Sotra
Følg Danielsen Ungdomsskule Osterøy på Facebook
Visste du at DUO har si eiga side på Facebook? Finn sida og lik, så får du små og store glimt frå kvardagen på skulen.
Ved å ha denne sida har me eit unikt høve til å halda kontakten med venner av friskulesaka generelt og skulen på Osterøy spesielt. Velkommen til å følgje oss på Facebook.


