Danielsenelevar jobbar for skuleborn i Peru
Torsdag 10. November var alle elevane ved Danielsen Ungdomsskule Osterøy ute i aksjon for å tena pengar til skulen sitt misjonsprosjekt. Elevane jobba med alt frå å vaska bilar, reparera traktorar, ha storreingjering hjå bestemor og legga opp ved.
Tilbakemeldingane frå "arbeidsgjevarane" tilseier at innsatsen ikkje var noko å seie på. I alt blei det samla inn kring 17 000 kr,-, som i si heilheit vert sendt inn til Diego Thomson - skulen i Peru.
Skulen ligg i byen Arequipa, ca 2500 meter over havet i det sørlige Peru. I eit område der ein del av dei fattigaste i byen bur, opp mot vulkanen Misti finn me skulen. Den har tre gongar vorte kåra til Arequipa sin beste offentlege skule. Lærarlønningane vert betalt av staten, resten med midlar frå den lokale kyrkja og misjonen. Skulen har 420 elevar fordelt på elleve trinn.
Skulen rettar ein takk til alle som tok imot arbeidslystne elevar, og såleis støtta misjonsprosjektet til skulen.

Oppdatert: 28.02.2012 15:59
av Lars Ole Birkeland