Danielsen skole på leirskole på Voss 1951

Søk skuleplass på 1-2-3!

Fyll ut skjemaet, og søk på skuleplass på Danielsen Ungdomsskule Osterøy

Gå vidare!

Søk skoleplass på 1-2-3!

Fyll ut skjemaet, og søk på skoleplass på Danielsen Ungdomsskole Haugesund

Gå videre!

Søk skoleplass på 1-2-3!

Fyll ut skjemaet, og søk på skoleplass på Danielsen Ungdomsskole Karmøy

Gå videre!

tips en venn
utskrift

Flott opningsfest

Opningsfesten på Danielsen Ungdomsskule Osterøy blei ei munter og flott oppleving for alle inviterte. Her var elevar, foreldre, lokale politikarar og representantar frå dei andre Danielsenskulane, samt eigarorganisasjonane. Laila Dåvøy, stortingsrepresentant for Kristeleg folkeparti hadde hovudtalen for kvelden. Ho løfta fram friskulesaken og foreldreretten i sin tale.

Alle dei 55 historiske elevane hadde innslag med sangen "lean on me" med innøvde bevegelsar. Etter litt startproblem vart opptrinnet riktig så flott. Elevane engasjerte seg også med eigen sang og lesing av bibelvers.

Då festkaka var inntatt, og skulen inspisert, stod ei lang liste over gratulantar for tur.

Ordførar Kari Aakre ønskte skulen velkommen med oppmuntring om å bety noko for nærmiljøet og invitasjon til å styrka det lokale skulemiljøet på Osterøy. Gåva frå kommunen var eit tre som me vil planta på ein passeleg stad på tomta.

Mest latter og applaus vart det nok då gamlerektoren på Danielsen Vidaregåande Lars Johan Danielsen spurte elevane etter eit viktig og sentralt namn på tre bokstavar, og ein elev svarte kontant med MAC. Det var namnet Gud Danielsen tenkte på. Eller då generalseretær i ein av eigarorganisasjonane, Erik Furnes dokumenterte festen med video av rektor og seg sjølv på mobilen, får så å oppdatera Facebook om kva som skjedde på Valestrand denne kvelden.

Alt i alt blei dette ein opningsfest full av gode opplevingar og godord om den nyaste "lillesøstra" i Danielsensystemet.

Oppdatert: 28.02.2012 16:00
av Lars Ole Birkeland

Danielsen Ungdomsskule Osterøy - 56 39 50 70