Første skuledag og feiring av 5-årsjubileum for DUO!

Første skuledag og feiring av 5-årsjubileum for DUO!

I dag fekk vi endeleg ta fatt på det rykande ferske skuleåret! Å sjå skulen bli fylt med alle dei flotte og staselege elevane våre gjer oss både glade og takknemlige. Ekstra kjekt er det også å få kunne markere at det no er heile 5 år sidan vi starta opp på DUO! Det måtte sjølvsagt feirast med kvit dame, kransekake og is, og når sola braut gjennom skodda, kunne ikkje dagen vore meir perfekt. Vi går det nye skuleåret i møte med store forventningar!

 

X