Friluftslivstur til Tirevoll

Friluftslivstur til Tirevoll

Det var ein gira gjeng frå valfaget Friluftsliv i 8. Og 9.klasse som møtte opp ved Raknestunet fredag 12.mai.

Turen gjekk til Tirevoll, men me stoppa ved Dalsvatnet der nokre elevar fekk prøve fiskelukka. Ingen fisk denne gongen, men det var nydeleg vér og elevane var ved godt mot.

Vel framme ved Tirevoll fekk elevane i 9.klasse oppgåve om å ordne bålplassen. Dei fant gode steinar og dei laga til ei god grue, der den gamle hadde vore. Bålkos høyrer med på tur og me hadde fyr i bålet langt utover kvelden.

Elevane laga seg mat på bålet eller med stormkjøkken. Mange åt pølser, men nokre var meir oppfinnsame: nokre åt gryterett, nokre hadde joikakaker og læraren hadde sjølvsagt med seg feite og gode kotelettar!

Fredagskvelden gjekk med til sosiale aktivitetar og ikkje minst obligatorisk historieforteljing. Me fekk også besøk av ein tiendeklassing som ynskte å sove på Tirevoll denne natta.

Laurdagen var det duka for temaet: treforedling. Faglærar hadde med seg motorsag og me felte nokre tre. Me rydda også opp etter nokre tre som vinden hadde lagt ned. Elevane var med å kvista (med øks), dei rydda kvistar, dei bar veden, kløyvde og stabla veden. Ein framifrå innsats av elevane!

Me fekk også laga råmateriale til nokre benkar, der den eine vart ferdige på laurdags formiddag. Der kunne dei mest slitne få kvile seg litt.

Etter utvask av Tirevollshuset og opprydding på uteområdet traska alle elevane slitne, men ved godt mot, attende til Raknestunet der foreldra venta i spenning!

Takk for turen kjære folk!

X