Klassetur som set spor…

Klassetur som set spor…

Å få reise på klassetur i 10. klasse er ein av milepælane i løpet av åra på DUO. Den flotte 10. klasse-gjengen vår kom nyleg heim frå ein fantastisk tur til Krakow. Og turen var verkeleg fantastisk på alle måtar! Besøk til slottet Wawel, den jødiske bydelen Kazimierz, Saltgruvene, Auschwitz, Zakopane, samt kveld med polsk folklore, gjorde dagane innhaldsmetta og spennande. Tid til shopping, restaurantbesøk og anna moro vart det også.

Dei siste åra har vi reist med Aktive Fredsreiser. Deira arbeid for å fremje kunnskap om FNs menneskerettar, likeverd og fredsarbeid er noko av det viktigaste ein kan gje unge menneske i dag. Det gjer sterkt inntrykk, også på tenåringar anno 2016, å gå i dødsleiren Auschwitz! Å sjå, kjenne, høyre og prøve å førestille seg kva som skjedde der for nokre tiår tilbake er ganske annleis enn å lese om det i historiebøkene…

Vi vil takke alle elevar, foreldre – og ikkje minst Tove, reiseleiaren vår, for ei uforgløymeleg danningsreise!

X