Klatring i Osterøyhallen

Klatring i Osterøyhallen

Ein fin gjeng frå åttande og niande klasse var samla i Osterøyhallen helga 12. og 13. november. Faglærar Sondre Johannes Orrestad fekk i samarbeid med Osterøy klatreklubb arrangere eit klatrekurs der elevane frå valfaget friluftsliv kunne ta Topptaukort og Brattkort.

Osterøy klatreklubb stilte med utstyr og 5 veldig kompetente instruktørar der fokuset var å øve på sikring og å lære seg det grunnleggjande. Etter ein teoretisk gjennomgang fekk elevane tørrtrene på knutar og sikring før dei fekk prøve seg i klatreveggen.

 

X