Leirskule for 8. klasse 5.-7. september

Leirskule for 8. klasse 5.-7. september

Kvar haust reiser dei nye 8. klassingene våre til leirskule på Gullbotn konferansesenter.

Det har hatt stor positiv betydning for dei nye elevane å få nokre dagar saman for seg sjølve. På leirskue får dei høve til å bli betre kjende, gjennom ulike aktivitetar som kajakkpadling, orientering, turgåing, måltidsfellesskap og overnatting. Elevane har også ein underhaldingskveld med ulike konkurranser og elevinnslag.

Avreise vert onsdag etter at dei har ete lunsj, og dei returnerer til DUO slik at dei når ordinær skuleskyss på fredag.

 

X