Leirskule for 8. klasse

Leirskule for 8. klasse

På DUO reiser alle årsstega på leirskule til Gullbotn leirsted kvart år. Klassane reiser kvar for seg, til ulike tider.

Først ut er 8. klasse, som reiser allereide onsdag 10.- fredag 12. september. Dette vert ein flott tur der ein kan bli kjende med kvarandre, og få gode fellesopplevingar i starten av skuleåret. På avreisedagen, onsdag, har ein først tre timar undervisning på skulen. Deretter et elevane skulelunsj, før klassen reiser til Gullbotn i lag med kontaktlærarar og andre vaksne frå skulen. Dagane vil innehalde både undervisning og sosiale aktivitetar. Meir informasjon vil komme etterkvart.

X