Markering av frigjeringsjubilèet!

Markering av frigjeringsjubilèet!

70-årsjubilèet for frigjeringa av Noreg etter 2. verdskrigen,  fekk ei flott markering på DUO.

Fredag 8. mai gjekk elevane våre Fredsmarsj – ein tradisjon som gjerne ikkje er så vanleg no lenger.

Etter marsjen samla vi elevane i Fellessalen, der dei vart delte inn i grupper på tvers av trinna.

Elevane skulle samarbeide om å kopiere ein kunnskapsplakat om 2. verdskrigen – med både tekst og illustrasjonar.

Metoden kallast fri form – og engasjementet var på topp!

Dagen vart avslutta med andakt, allsong og film laga ved Tysse Montessoriskule.

IMG_4865

IMG_4866

X