Misjonsaksjonen på DUO

Misjonsaksjonen på DUO

Det er ei klar målsetting for Danielsen at elevane våre skal utfordrast til å syna omtanke for andre menneske, m.a. ved å gje av vårt eige overskot til dei som treng det. I tillegg er det eit ønskje at våre elevar vert kjende med misjonsarbeid slik det vert drive i dag.

Tidlegare har DUO sine misjonsprosjekt vart i eitt år. No har me vald å strekka misjonsprosjektet over ein 2-3 års periode. Det gjev oss større rom til å halda fokus på prosjektet over lengre tid og trekka dei ulike faga inn der det er naturleg. Den årlege misjonsaksjonsdagen med misjonsløp o.l. er lagt til våren. Dette kjem me meir attende til etterkvart.

Det er håp om at skulen i eitt av desse åra kan senda ei lita gruppe elevar og tilsette til misjonslanda for å sjå arbeidet på nært hald. Danielsen sine innsamla midlar går ikkje til denne reisa.

 Skulen har vald Norsk Luthersk Misjonssamband sitt humanitære misjonsarbeid i Aust-Afrika som misjonsprosjekt i denne perioden. Hovudfokus på vårt misjonsprosjekt dette året vil gå mot reint-vatnprosjekt i området. For meir informasjon kan du gå inn på http://www.nlm.no/nlm/stoett-oss/prosjektkatalogen/oest-afrika/kristent-fagpersonell-oest-afrika

 Tysdag 11. november skal alle elevane ved Danielsen Ungdomsskule Osterøy ha arbeidsdag til inntekt for misjonsprosjektet.
Sjå skulekalendaren for meir informasjon.

På vårhalvåret skal vi ha ein misjonsaksjonsdag på skulen, med misjonsløp og andre aktivitetar der vi smalar inn pengar til reint vatn-prosjektet.

X