Misjonsaksjonsdag 2018

Misjonsaksjonsdag 2018

På torsdag 31. mai skal me ha misjonsaksjonsdag på DUO. Då brukar me heile skuledagen til å jobbe med misjonsprosjektet vårt. Elevane skal få vera med på forskjellige aktivitetar, der dei får læra meir om misjonsprosjektet vårt. På slutten av dagen skal me ha misjonsløp. Då spring elevane rundt ei løype på ca 200m i ein time. Elevane jobbar no iherdig med å få tak i sponsorar, slik at me får inn mest mogleg pengar til prosjektet. Har du fått spørsmål om å vera sponsor? Gå gjerne inn på duosteroy.misjonsløp.no og søk opp eleven.

Om prosjektet:
Misjonsprosjektet i år er NLM sitt arbeid i Mongolia. Her arbeider NLM for å styrke barns rettar og betre deira livsvilkår. Særleg fokuserer arbeidet på funksjonshemma barn og barn frå nomadefamiliar på internatskular langt frå heimen.

NLM støttar kristent arbeid i landet gjennom samarbeidskyrkja MELC. I tillegg arbeidar NLM gjennom ulike prosjekt for å gje nødvendig utdanning, opplæring og arbeid for å bidra til god samfunnsutvikling og betre helse og levevilkår.

For å lese meir om NLM sitt arbeid i Mongolia kan du gå innpå nlm.no/nlm/stoett-oss/prosjektkatalogen/mongolia2

X