Misjonsaksjonsdag

Misjonsaksjonsdag

Torsdag 11. mai hadde me misjonsaksjonsdag på DUO. Denne dagen samla me inn over 90 000kr til misjonsprosjektet vårt. Pengane går til brønnbygging i Kenya, slik at dei som bur i området kan få tilgang til reint vatn heile året.

Misjonsaksjonsdagen starta i klassane før Knut Arild Hareide heldt ein apell for heile skulen. Elevane fekk prøva seg på forskjellige aktivitetar, og me fekk servert god grillmat i lunsjen. Me fekk også smaka på eksotisk mat som nokre eksamenselevar lagde til oss. Då klokka vart halv to var det tid for misjonsløp. Mange hadde flotte kostyme og spredde glede og godt humør i løypa. Innsatsen i løpet var stor, og fleire av elevane sprang svært mange rundar.

X