Misjonsaksjonsdag 2018

Misjonsaksjonsdag 2018

Torsdag 31. mai hadde me misjonsaksjonsdag på DUO. Me hadde strålande dag med kjekke aktivitetar og godt ver. Dagen starta i fellessalen der me fekk læra litt om misjonsprosjektet. Mongoliafararane Torgeir, Emma Adele og Lars fortalte om arbeidet for barna i Mongolia på ein framifrå måte. Etter ei meir aktivitetsbasert økt, og ein god lunsj kom sjølvaste ordføraren Jarle Skeidsvoll og heldt ein flott appell for oss.

Då klokka nærma seg halv ett, var det omsider tid for sjølve misjonsløpet. Elevane har arbeidd med å skaffa sponsorar. Nokon sponsa faste beløp, medan andre sponsa rundebeløp. Til saman samla me inn over 100 000kr på løpet denne dagen!

X