Misjonsaksjonsdagen 6. mai – for ein dag!

Å engasjere DUO-elevane våre for reint vatn-prosjektet i Aust-Afrika vart ei stor oppleving!

Dagen starta med felles opning, der rektor hadde andakt om kva betydning det får når mange dropar vatn vert samla.

Gjennom fleire mindre bidrag fekk elevane vise at dei bryr seg og er villige til å gjere ein innsats for andre!

Bossrydding i og rundt Valestrandsvatnet, vaffelsal ved Coop’en, prkatisk arbeid i og utanfor skulen – alt for å samle pengar til Misjonsprosjektet vårt.

Jon Olav Økland har bud i Aust-Afrika i til saman 12 år. Han er no student i Oslo, og gav elevane våre undervisning om prosjektet og om Afrika.

Dagens høgdepunkt var Misjonsløpet, der elevane sprang runde på runde i den 200 m lange løypa på skuleplassen. I ein klokketime pågjekk løpet – og vi gler oss verkeleg til å sjå kor mange kroner elevane har jobba inn! Vi er uansett imponerte over innsatsen denne dagen!IMG_4855

X