Nattevandring

Nattevandring

Tysdag 12. juni pakka elevar og lærarar på DUO sekkane sine for årets store tur heilt på viddene. Oppturen (for enkelte; nedturen) starta med buss frå Valestrand kl.21, før me tok beina fatt og besteig Ulriken i skumringa. Medan Bergen by gjekk i dvale for natta, fekk me med oss både solnedgang og soloppgang over fjella. Reiseruta gjekk frå Montana opp Ulriken, over Rundemannen og ned Fløyen. Derfrå tok me bussen heim att kl.7 onsdag morgon. Til tross for kalde kne og fingrar hadde me fint ver på turen. Den magiske opplevinga av å sjå sola stå opp medan byen vakna til liv igjen, gjorde at turen var verdt den endelause vandringa.

 

Tusen takk for turen!

X