Nattvandring

Nattvandring

Onsdag 8. juni var ein spent gjeng samla frå Danielsen Ungdomsskule. Klokka var blitt 22 og gjengen skulle over fjorden med ferja frå Valestrand. Det var tid for årets nattevandring!

Dei fyrste stega blei tatt i elleve tida frå Montana. Elevane og personale vart delte i to grupper som gjekk kvar si rute opp til Ulriken.

IMG_1802

Det var ein fin tur med godt vêr og fin temperatur.

Etter å ha samlast på Ulriken, fortsatte turen med rådgjevar Odd Halvor i spissen mot Fløyen. Trass nokre småskader og sjukdom fullførte nesten alle saman turen. Dei første var på Fløyen kl. 4 om morgonen. Der samla heile gjengen seg før turen fortsatte ned til sentrum der bussane stod og venta på oss ved inngangen til Fløybanen.

Alle som fullførte turen var med då bussane gjekk 06.20. Sjølv om me var trøtte og slitne hadde det vore ein veldig fin tur.
IMG_1715
IMG_1717IMG_1725

X