Ny skule på veg!

Ny skule på veg!

Klikk her for å sjå teikningane som PDF

Etter fleire år med venting nærmar me oss endeleg byggestart for ny skule til DUO. Teikningane er på plass, og søknaden til kommunen er under arbeid. Det er håp om å kunne starta bygginga denne våren, slik at nybygget er klart til skulestart 2019. Det eksisterande huset skal rehabiliterast og modulane takast vekk. Det vert oppført eit nytt tilbygg på omlag 900 kvm, på nordsida av hovudbygget. Det er Arkoconsult som er totalentreprenør, og Link Arkitektur teiknar bygget. Uteområdet vårt vert utvida, og skal gjelda den ytre stipla linja på teikningane.

Noko av det spennande ved eit slikt prosjekt er prosessen fram til me er ferdige. Me vil gjerne ha fleire innspel frå elevar og føresette på korleis uteområdet skal sjå ut. Har du gode idèar eller ønskjer så vil me veldig gjerne få vita om det. Har du lyst til å teikna eit uteområde er det òg supert. Det er sjølvsagt ikkje alle ønskje som kan oppfyllast, men noko er heilt sikkert mogleg å få til.

Alle innspel på uteområde vil eg ha tilsendt på e-post; jostein.fossmark@danielsen-skoler.no

eller at du leverer det til meg på skulen.

Med  venleg helsing

Jostein Fossmark

-rektor-

X