Nye tilsette på DUO :)

Nye tilsette på DUO :)

Denne hausten er det fire nye tilsette i personalet på DUO:

Gunvor Kjos Moltu skal vere ein av to kontaktlærarar for 8. klasse. Ho leverte master i vår, og har arbeidd her som vikar. Vi gler oss stort over å ha fått henne i lærarstaben!

Randi Holm Myking er den nye kunst & handverklæraren vår. Randi er utdanna ergoterapeut, og har i fleire år undervist studentar på Høgskolen i Bergen. Ho har også utdanning og brei erfaring innanfor kunst & handverkfaget. Dei to siste åra har ho jobba i Nav. Det er ei stor glede å ønskje henne velkommen som heilt ny på DUO!

Ingunn Bøkevoll er ny faglærar i norsk. I tillegg skal ho ha ein del spesialundervisning. Ingunn har tidlegare vore lærar i Lindås kommune, men er no klar for å jobbe med oss på DUO. Det er vi veldig glade for!

Vi har også med oss ein ny assistent på DUO-mannskapet denne hausten: Kjetil Vatsøy har også vore vikar på skulen vår tidlegare, og kjenner skulen og mange av elevane våre frå før. Vi er så fornøgde med å ha fått ein så solid kar i staben vår!

Vi ønskjer dei fire varmt velkomne til DUO!

 

X