Om skulen
Ein kristen friskule
I dagens samfunn opplever mange born og unge sterke påkjenningar for si kristne tru og tanke gjennom kameratflokken, massemedia og skulen. Danielsen Ungdomsskule Osterøy ønskjer å støtte barn, unge og deira foreldre i den kristne oppdraging og utvikling.
Basis og formål
Basis og formål for skulen:
"a) Danielsen Ungdomsskule Osterøy AS skal i all si verksemd søkje å skape eit læringsmiljø som fremjer eit kristent heilskapssyn på livet forankra i trua på Gud som skapar og frelsar slik dette er uttrykt i Bibelen og dei evangelisk-lutherske bekjennelsesskrifter.*
b) Skulen vil i alt sitt arbeid gjere Kristus kjend for elevane slik at Han kan bli trudd og etterfølgd.
I forståing med foreldrane og i respekt for elevane vil skulen formidle kunnskap, inspirere til læring og utvikling av heile mennesket for å utruste elevane for eit godt og ansvarleg liv i heim, samfunn og menigheit.
I møte med elevane, i og utenfor skulen, er heile personalet medarbeidarar og førebilete og har eit ansvar for å fremje skulen sitt overordna føremål.
Aksjeselskapet si verksemd skal byggjast på ikkje-kommersiell basis.
* Omfattar dei tre oldkirkelege symbol (den apostoliske, den nikenske og den athanasianske bekjenning), samt den augsburgske bekjenning og Luthers lille katekisme."
Skulen sitt styre
Dei som sit i skulen sitt styre er Ingebrigt. S. Sørfonn (formann), Rune Espelid (nestformann), Kristin Pundsnes, Øystein S. Pedersen og Else M. Tveiten. Ingvar Vignes er 1. vara, og 2. vara er Odd Inge Austevoll.
Formålet i skulen sin kvardag
I undervisninga tek skulen stilling til faglege spørsmål ut frå eit kristent orienteringspunkt, forplikta på Bibelen som Guds ord. Dette gjeld ikkje berre kristendomsundervisning, men i alle fag når det gjeld verdispørsmål.
Skuledagen startar med ei samlingsstund med Guds ord og bønn.
Skulen ønskjer at miljø og samværsformer skal vere prega av kristen ånd og kristen tradisjon, slik at skulen i vidaste forstand kan vere ei støtte for dei unge i deira livsførsel.
Friskule
Skulen har søkt om godkjenning etter privatskolelova frå 2007. Skulen fører fram til vitnemål for 10-årig grunnskule på lik linje med dei offentlege grunnskulane.
Skulepengar
Det offentlige tilskotet dekker 85% av driftsutgiftene. Resten vert dekka inn av foreldrebetaling. To tidelar av skulepengene vert betalt som forskot ved påmelding. Resten vert fordelt på 8 terminer.
Søskenmoderasjon
Det vert gitt moderasjon når søsken går på DUO eller på Danielsen vidaregåande skule.
Reiseutgifter
Elevar frå Osterøy får dekka daglege reiseutgifter etter reglane som til kvar tid gjeld for skuleskyss i kommunen.
Skulebøker/undervisningsmateriell
Utgifter til skulebøker og undervisningsmateriell er rekna med i skulepengane.
Søknad/innmelding
Saksgangen ved søknad/innmelding er følgjande:
- Søknad på fast skjema eller via nettet skal sendast skulen
- Skulen stadfester at søknaden er motteken og orienterer om når opptaket begynner.
- Sjølve opptaket finn stad ved at skulen sender innmeldingsskjema og giroblankett for betaling av forskot til dei som har fått plass.
- Innmeldingsskjema skal returnerast skulen i underteikna stand. Når det er gjort og forskot er betalt, er innmeldinga i orden.
Forholdet til heimen
Skulen ønskjer eit godt samarbeid med heimen. Skulen tek kontakt med heimen når det er behov for det. Vi ser og gjerne at foreldre tek kontakt med skulen.
Læringsmiljøet
Skulen legg stor vekt på at det skal vere eit godt læringsmiljø i klassen og på skulen. Vi ønskjer at kvar enkelt skal møte utfordringer tilpassa eleven sine føresetnader. Miljøet i klassen skal vere prega av ro, orden og disiplin, men og av tryggleik og openheit.
Skulen forventer at lærarar, elever og foreldre samarbeider for at kvar enkelt elev skal nå så langt som mogleg, både når det gjeld røynsle og kunnskap, og i personlig vokster og modning.
Om Danielsen Skoler
Kristne friskular
Danielsen skoler er ei kristen friskulerørsle i Bergensområdet. Vi feira 75-års jubileum i 2007. Vi har 5 skular frå barnetrinnet til vidaregåande med omtrent 1 400 elever og rundt 120 tilsette. I Bergen sentrum ligg to vidaregåande og ein ungdomsskule. På Straume på Sotra ligg barneskule og ungdomsskule.
Våre skular
- Danielsen Videregående Skole
- Danielsen Ungdomsskole Bergen
- Danielsen Ungdomsskule Sotra
- Danielsen Intensivgymnas
- Danielsen Barneskule Sotra

