På tur til Mongolia

På tur til Mongolia

Tysdag 1. mai reiste tre utsendingar frå DUO til Mongolia saman med ein gjeng frå Danielsen Frekhaug. Her skal dei lære om misjonsprosjektet vårt på nært hald. Årets misjonsprosjekt er NLM sitt arbeid i Mongolia. Her arbeider NLM for å styrke barns rettar og betre livsvilkåra deira. Særleg fokuserer arbeidet deira på funksjonshemma barn og barn frå nomadefamiliar på internatskular langt frå heimen.

NLM støttar kristent arbeid i landet gjennom samarbeidskyrkja MELC. I tillegg arbeidar NLM gjennom ulike prosjekt for å gje nødvendig utdanning, opplæring og arbeid for å bidra til god samfunnsutvikling og betre helse og levevilkår.

Du kan følge med på mongoliafararane på instagram: @danielsenosterøy

eller på Facebook: facebook.com/danielsenungdomsskuleosteroy/

X