Pai med skinke og brokkoli!

Pai med skinke og brokkoli!

På DUO har 9. klasse-elevane Mat & helse. Denne veka står Pai med skinke og brokkoli på menyen! Rektor var så heldig at han fekk ein god smakebit til lunsj på tysdag. – Paien smakte fortreffeleg, melder han. Mat & helse er eit fag som elevane ser fram til kvar veke – og vi skjønar godt kvifor! Seinare i haust skal elevane – tradisjonen tru – lære om partering av hjort og tilbereding av rettar med hjortekjøt. Mmmmmmm….!

X