Reisebrev frå Mongolia

Reisebrev frå Mongolia

DUO sitt misjonsprosjekt i år er NLM sitt arbeid i Mongolia. Lars Heinesen Katle, Emma Adele Solberg og Torgeir Bleikli var dei heldige som skulle få reisa ned og besøke prosjektet. Med oss på turen vart to elevar og ein lærar frå Danielsen ungdomsskule Frekhaug. Detta skulle visa seg å bli ein solid gjeng med mykje humor og glede på lur. På reisa fekk me læra meir om arbeidet deira i landet, og særleg prosjektet ”Strengthening Childrens Rights”. Dette prosjektet tar sikte på å styrke forholda for barn som bur på offentlege internatskular i Vest-Mongolia. Her bur mange av barna frå dei er 6 år gammal og blir verande ut ungdomstida. Nokon bur der heilt fram til dei er 18 år!

Etter ei lang reise ønskte morgonsola oss velkommen til Ulanbaatar, hovudstaden i Mongolia. Den første dagen fekk me bli kjend med byen og me fekk sjå både spel med dyreknoklar, utstoppa ulvehovud og mykje meir. Her fekk me og besøka NLM sitt kontor i Ulanbaatar der kjekke ansatte forklarte villig vekk kva arbeidet deira gjekk ut på.

Etter nokre dagar i Ulanbaatar reiste me til Vest-Mongolia. Dette er eit fjellområde med store sletter, høge fjell og mykje nomadefolk som gjetar dyra sine ulike stader slik at dyra kan få i seg nok mat til å overleve. Her traff me nokre av NLM sine norske utsendingar, som var veldig gjestfrie og gode med oss. Dei viste oss rundt og gav oss eit fantastisk inntrykk av tru, kultur og det daglege livet i Vest-Mongolia. Dei tok oss også med til ein av internatskulane der NLM har vore med å styrka både det fysiske og psykiske miljøet for barn. Her viste NLM sine utsendingar oss korleis dei arbeidar aktivt for at desse internatskulane skal ivareta FNs barnekonvensjon og barnas rettar både når det kjem til internatbygg, i undervisninga og i møte barna har med dei vaksne som arbeidar på internatskulane.

Den siste dagen i Mongolia var veldig innhaldsrik og blei ei fin oppsummering av turen: både besøk til ein familie som bur i ein Ger, ridning over dei Mongolske sletter og mykje latter og glede. Ein slik tur gjer ein rik på minner og opplevingar, og me satte oss på flyet til Norge med takknemlighet over at alt var gått så bra. Samtidig huska me på det me blei vist på internatskulane i Vest-Mongolia: mange barn veks opp under utrygge forhold både fysisk og psykisk, og får ein oppvekst utan foreldre og vaksne dei kan være trygge på. Borna må bu på ein internatskule for å få muligheten til å ta utdanning, men det er varierande kor mykje internatskulane ivaretar barnas rettar.

Den 31.mai skal me ha misjonsdag her på skulen. Då skal me arrangera misjonsløp der elevane skal springa rundar og samla inn pengar til dette prosjektet. Elevane skal samla sponsorpengar anten pr. runde dei spring eller eit fast beløp. Om du kjenner nokon som går på skulen kan du spørja dei om du kan sponsa dei, eller du kan senda ei gåve til misjonsprosjektet sitt kontonr: 3632 59 78885.

X