Skuleval på DUO!

Skuleval på DUO!

Trass i vår korte skulehistorie har vi ein tradisjon for å arrangere skuleval. I dag var det tredje gong elevar på DUO fekk høyre debattantar frå ungdomspartia, og aldri før har vi hatt så mange som seks parti i panelet! Med representantar frå Rød Ungdom, Sosialistisk Ungdom, Arbeiderpartiets UngdomsFylking, Senterpartiungdommen, Unge Venstre og Unge Høyre, fekk vi ein spennande og breid debatt om klima, skule og flyktninge-og asylpolitikk. Fleire av elevane gav politikarane utfordrande spørsmål, og kunne diskutere og snakke vidare med dei på valtorget etterpå.

Valresultatet viser at det er svært jamnt mellom dei tre partia som fekk flest stemmer, men at SV, KrF og FrP skulle gått saman om regjeringssamarbeid etter årets Stortingsval er kanskje mindre truleg…

Vi vil takke alle ungdomspartia for at dei stilte til skulevalet vårt, sjølv om vi «kun» er ein ungdomsskule.
Vi håpar å sjå dykk att ved neste val!

 

X