Snart skulestart!

Snart skulestart!

Skuleåret 2014-15 er like om hjørnet! Måndag 18. august kl. 08.50 går startskotet for eit nytt spennande skuleår på DUO. Alle elevar og tilsette samlast i fellessalen. Her vert det kjekt å helse på alle elevar, få presentasjon av alle som arbeider på skulen, rektor skal ha andakt, og vi får informasjon om skuledagen. Etterkvart går elevane klassevis med sine lærarar. Det vert sjølvsagt skulelunsj midt på dagen, og litt seinare vert det og skulefrukt. Denne første dagen skal vi ta portrettbilete av kvar elev. Bileta er til internt bruk på skulen. Hjarteleg velkomne som elev på DUO – vi gler oss til de kjem!!

X