Studietur for 10. klasse

Studietur for 10. klasse

Kvart år reiser 10. klasse på ein studietur. Dette er ein tur som vert finansiert frå fleire kjelder: skulen, skulepengar, elevdugnad og basar. Frå og med dette skuleåret 2014-15, vil denne turen foregå på hausten, og reisemålet er Krakow i Polen.

Årets 10. klasse reiser i september, nærmare bestemt tysdag 23. – laurdag 27. Kontaktlærar Bodil Skjerping reiser med i lag med fleire andre vaksne på skulen. Tidlegare erfaringar har vist at Krakow er eit reisemål som gir elevane viktig læring og mange gode opplevingar. DUO-elevane kan sjå fram til ein spennande studietur!

X