Tid for Ungdomsmila i Knarvik fredag 31. august

Tid for Ungdomsmila i Knarvik fredag 31. august

Fredag 31. august dreg vi, tradisjonen tru, til Knarvik og den årlege Ungdomsmila.

Dette er eit løp som ALLE skal vere med på. Ein kan springa, jogga eller gå. Det vert premie til dei tre beste jentene og gutane i kvar klasse, og det vert trekt ut premiar på startnummer.

8. og 9. trinnet skal vere med på miljøstand med NGIR i Nordhordlandshallen, og 10 trinnet skal vere med på trafikkurs på Knarvik ungdomsskule. Her vert det og konkurransar med flotte premiar.

* Alle må kle seg i treningstøy og joggesko!

* Alle må ta med mat og drikke!

* Det kan vere lurt med bytekle og regnkle

Me reiser med ferja som går frå Valestrand kl. 08.45, og tek buss frå Breistein kai til Knarvik. Elevar som kjem med buss, går av bussen på kaien på Valestrand og går samla om bord på ferja. Alle andre må møte kl. 08.40 på kaien på Valestrand.

Det vert retur frå Knarvik ca. kl. 13.00, og me satsar på å nå ferga som går 13.30 frå Breistein. Elevane kan då gå rett heim eller gjere avtale med foreldre/føresette om henting. Dei som er avhengig av skuleskyss, kan fylgja bussen til Hatland, og reise heim derifrå med skulebussane.

Dette vert ein superkjekk dag! Me gler oss!!

X