Tilbod om jegerprøve!

Tilbod om jegerprøve!

Hurra! No vert det jegerprøvekurs for alle elevane som tar friluftsliv valfag i 10.kl. på DUO! Tilsette på skulen og føresette til elevane i 10.kl. er òg inviterte til å delta.

 Dette er datoane for kurset:

 Teoridag 1: måndag 17.10.

Teoridag 2: torsdag 20.10.

Teoridag 3: måndag 24.10.

Teoridag 4: torsdag 27.10.

 Praktisk utedag: laurdag 29.10. kl. 08.30

Teoretisk jegerprøve: laurdag 29.10. kl.13, rett etter skytedagen

 På teoridagane vert opplegget slik:

  • undervisninga varer frå 16.30-19.00
  • elevane kan/bør vera igjen på skulen fram til kurset startar
  • elevar som er igjen på skulen har leksetid og middag som skulen betalar
  • middagen vert laga av elevgrupper og vert servert kl.16.00
  • kvar elev skal laga middag ein av dagane

Den praktiske dagen vert det skyting i Jonahola på Gaupås. Elevane køyrer då i privatbilar fram og tilbake.

Skulen betalar for kurset og jegerprøveavgifta for elevane. Dei tilsette og føresette får reduserte prisar.

Påmelding skjer ved å kontakte rektor på mobiltlf. 472 39 427

X