Torsdag 7.oktober er du velkomen til open skule på Danielsen ungdomsskule Osterøy. 

Torsdag 7.oktober er du velkomen til open skule på Danielsen ungdomsskule Osterøy. 

Me feirer på same tid 10 årsjubileum med alle som kjem innom. Det vert servert gratis betasuppe, kake, kaffi og skulens heimepressa eplejuice til alle som vil ha. Me startar 16.00 med mat, og apell frå rektor. Fram til 18.30 kan du få sjå deg rundt på skulen, observera undervisningsgrupper, prata med hyggelege folk, og kanskje helsa på dyra på garden. Er du av det tøffe slaget, så kan du få prøva den populære ziplina vår óg. Det vert loddtrekning med flotte premiar på inngangsnr. Me sel óg vår herlege eplejuice til inntekt for misjonsprosjektet vårt. Kom og feir saman med oss denne dagen! 

X