Opningsfest - barneskulen Sotra
Barneskulen har hatt opningsfest.
Så fekk vi vere med på ein flott kveld på Sotra.
Fredag den 5.9.08 var salen på ungdomsskulen pynta til fest. Ca 150 menneske, små og store, var med på ein historisk kveld. Det var gripande å sjå dei 17 elevane frå 1.-4. trinn syngje og lese både dikt og bibelvers. Det lyste av både dei og lærarane.
Det var mange og gode helsingar frå skulemyndigheiter, politikarar, styret for skulen, ansatte, eigarorganisasjonane og den store skulen i "søskenflokken", Danielsen Videregående Skole v/rektor Danielsen.
Og så var det festmat med smørbrød og kake.
Rektor Martin Ruud koste seg i leiarrolla den kvelden. Det fekk vi andre nyte godt av.
Oppdatert: 18.09.2008 12:57
av Berhard Belt


