Takknemleg etter 40 operasjoner

Takknemleg etter 40 operasjoner
Danielsen VGS Helse- og oppvekst har hatt besøk av fantastiske Hallgeir Berge. Hallgeir har vore utsatt for ei svært alvorleg bilulukke, og vore gjennom over 40 operasjonar. Me fekk sjå dokumentaren om Hallgeir, og han fortalde om opplevingane sine. På tross av alt han måtte gjennom bestemte han seg for å fokusera på det positive, og alt han kan vere takknemleg for: ”det er utruleg kva me faktisk kan bestemma oss for sjølv, berre me vil. Me treng ikkje være ein del av alt det negative rundt oss”. Hallgeir la stor vekt på at me alle er unike og verdifulle.
Vidare fortalde  han om sitt flotte arbeid for å hjelpa flyktningar: «Me må sjå menneska rundt oss, moglegheitene for å hjelpa andre menneske er enorme! For meg var det livet som vant, livet er ei gåva, at me alle sitt her i dag er fantastisk» ?
Det blei innholdsrike og tankevekkande timar for elevane.
X