Foreldreråd og FAU

FORELDRERÅD  OG  ARBEIDSUTVAL  FOR FORELDRERÅDET  (FAU)

I Privatskulelova står dette:

  • 5-4. Foreldreråd

“Ved kvar grunnskole skal det vere foreldreråd, der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer. Foreldrerådet kan velje eit arbeidsutval. Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.”


RETNINGSLINJER  FOR FORELDRERÅD  OG ARBEIDSUTVAL  FOR FORELDRERÅDET  (FAU)

Foreldreråd:

  1. Alle foreldre/føresette til elevane ved Danielsen Ungdomsskule Karmøy utgjer Foreldrerådet ved skulen.
  2. Foreldrerådet skal, i semje med skulen sitt overordna mål, arbeide for å:
    • halde god kontakt mellom heimane og skulen
    • skape gode arbeidsforhold ved skulen slik at elevane kan trivast og utvikle seg fagleg og menneskeleg.
  3. Foreldrerådet er eit rådgjevande organ som kan uttale seg i saker som dei sjølv tar opp eller får framlagt av andre styringsorgan. Vedtak vert gjort med vanleg, simpelt fleirtal av dei frammøtte.
  4. Rektor har ansvar for at Foreldrerådet vert kalla saman om hausten, seinast innan tre veker etter skulestart. Rektor og FAU kan kalla inn til foreldreråd utanom dette, ved behov.
  5. Foreldre/føresette til elevane i kvar klasse samlast for å velgje
    • ein representant med varamann til Arbeidsutval (FAU)
    • to klassekontaktar
      Den som vert vald til FAU bør helst vere ein av dei to klassekontaktane. Valet i 8. klasse gjeld for eitt skuleår, mens valet i 9. klasse gjeld for to skuleår.
  6. Klassekontaktene skal mellom anna vere kontaktledd mellom foreldra i ein klasse og FAU. Dei samarbeider med kontaktlærar om eventuelle klasseforeldremøter, foreldrebesøk på skulen, eller tiltak som kan aktivisere foreldre i samband med tilstellingar og anna.

Arbeidsutvalet for foreldrerådet  (FAU):

  1. Arbeidsutvalet for foreldrerådet ved Danielsen Ungdomsskule Karmøy består av ein vald representant mellom foreldre/føresette i kvar klasse. Vararepresentantane skal ha kopi av innkalling til møter i FAU og referat.
  2. FAU skal, i semje med skulen sitt overordna mål arbeide for å:
    • halde god kontakt mellom heimane og skulen
    • skape gode arbeidsforhold ved skulen slik at elevane kan trivast og utvikle seg fagleg og menneskeleg.
  3. Skulen legg til rette for uttale frå foreldrerådet i saker om skulemiljø.
  4. FAU konstituerer seg sjølv med leiar, nestleiar og sekretær. Eventuell kassereroppgåve kan leggast til nokon utanfor FAU. FAU peiker ut ein representant som møter på skulen sine styremøter.
    Rektor har ansvar for at FAU vert kalla inn til konstituerande møte kort tid etter at dei er vald om hausten. Seinare har dei møter når leiaren finn det naudsynt eller minst ein tredjedel av medlemmane, eller rektor ber om det. Rektor har rett til å vere til stades ved møte i FAU, uttale seg og komme med forslag, og få meininga si protokollført, men har ikkje stemmerett.
  5. FAU er vedtaksført når minst halvparten av medlemmane er til stades. Vedtak i FAU vert fatta med vanleg, simpelt fleirtal blant dei frammøtte. Ved stemmelikheit vert leiaren si stemme avgjerande.
  6. FAU skal til ei kvar tid ha minimum fire representantar.

Gjeldende representanter i rådene finnes på de ulike trinnsidene.

 

X