Inntaksreglement

Søknadsfristen for kommende skoleår er 01.12 året før. Etter denne fristen vil opptak skje fortløpende.

Inntaksreglement
for Danielsen Ungdomsskole Karmøy (DUK)

 

Inntaksreglementet ble vedtatt på styremøte for Danielsen Ungdomsskole Karmøy den 01.02.12.


§1 Hjemmel
Inntak av elevar ved Danielsen Ungdomsskole Karmøy skjer i samsvar med reglane i privatskulelova.


§2 Fortrinnsrett
Følgjande søknadskategoriar har fortrinnsrett ved søkning større enn kapasitet ved skulen:

  • Søsken av slike som, når opptaket skjer, allereie er elevar ved ein ”Danielsen skole” (barne-, ungdomsskole eller vidaregåande skole).
  • Søkjarar som kan dokumentera spesielle sosiale eller medisinske grunnar for opptak, inntil 1 plass.
  • Barn av tilsette ved ein av ”Danielsen skoler”.

§3 Rekkjefølgje
Søkjarane får elles plass i den rekkjefølgje dei har søkt. Søknadane vert nummererte i den rekkjefølgje skulen mottar dei.


§4 Tidsfrist
Søknadsfrist og orientering om når opptaket startar, skal gå fram av følgjeskriv ved utsending av søknadsskjema. Søknader som kjem inn etter søknadsfrist og høyrer til under kategoriar som har fortrinnsrett, blir prioriterte, men ikkje slik at dei kan fortrengja dei søkjarane som allereie har fått plass.


§5 Klagerett
Søkjarar har klagerett etter avgjerd i forvaltningslova kap VI. Fylkesmannen er klageinstans, og klagen sendes via skulen innan 3 veker.

X