Kom mai du skjønne milde …

Kom mai du skjønne milde …

Tenk nå er me allerde komen til mai. Me gledar oss over at det spirer og gror. Det er vår, og me har mange høgtidsdagar og flaggdagar. Dei som kjenner meg veit at eg fryde meg når eg ser det norske flagget “vaier i vind.” Så dermed er mai ein månad med mange “oppturar”

 “Sett din lit til Herren og gjør godt. Bo i landet, og legg vinn på trofasthet.”
(Salme 37.3)

Mette Dahl – miljøarbeider

Men det er noko som er ennå større for meg, det er at eg har fått sett mi lit til Herren. Korset i det norske flagget minner meg på at eg er fri, og det står i Johannes evangeliet 8:36 “Får da Sønnen frigjort dere da blir dere virkelig fri”.

Den friheten som Jesus gir oss, er ikkje avhengig av våre føleser som kan svinge minutt for minutt, men me kan alltid gleda oss i frelsen som Jesus har gitt oss. Neh.8:10: “Gleda i Herren er dykkar styrke” er ett av mine favorittvers. Uansett korleis mine følelsar er, så kan eg kjenna glede over at eg har Jesus med meg i livet mitt.

Me som bur i Norge får jo kjenna på mange typar frihet: ytringsfrihet, religionsfrihet, osv. Me har mykje å vera takksame for, og på datoar som 8.mai – frigjeringsdagen og 17.mai – Grunnlovsdagen, då kan me lyfta flagget vårt høgt og syngje: Gud signe vårt dyre fedreland.


Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma!
Lat lysa din fred frå fjell til strand og vetter for vårsol røma!
Lat folket som brøder saman bu, som kristne det kan seg søma!

Vårt heimland i mørker lenge låg, og vankunna ljoset gøymde.
Men Gud du i nåde til oss såg, din kjærleik oss ikkje gløymde.
Du sende ditt ord til Noregs fjell, og ljos over landet strøymde.

Og Noreg det ligg vel langt mot nord, og vetteren varer lenge,
men ljoset og livet i ditt ord, det ingen kan setja stenge.
Om fjellet er høgt og dalen trong, ditt ord heve då sitt gjenge.

Så blømde vårt land i ljos og fred, det grodde så grønt i lider.
Men atter seig natt på landet ned med trældom og tunge tider.
Og folket det sukka etter ljos, og du lyste opp om sider.

Og morgonen rann, og mørket kvarv, som lenge vår lukka skygde.
Du atter oss gav vår fridoms arv og honom i trengsla trygde.
Du verna vårt folk og gav oss fred, og landet med lov me bygde.

Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje vera by og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss, Gud, så me kan bu i heimen med fred og hyggja!

No er det i Noreg atter dag med vårsol og song i skogen.
Om sædet enn gror på ymist lag, det brydder då etter plogen.
Så signe då Gud det gode såd, til groren ein gong er mogen!

X