Ungdomane i ei annleis tid

Ungdomane i ei annleis tid

Av: Nora Rødder, elev på 9. trinn.

Verda er i endring. Ikkje berre når det gjeld klima, vitskap og teknologi, men det har også dukka opp ein pandemi. Denne pandemien har ramma heile verda og satt preg på oss. I Noreg har borna måtte ha heimeskule i over to månader i strekk og har ikkje fått vere med venner. Eg har snakka med tre forskjellige ungdommar, Andrea, Katrina og Marte, for å høyre korleis dei har hatt det i denne rare tida.

Ungdomane rundt om i landet har opplevd ei veldig spesiell tid. Både barne og ungdomsskulane blei stengde ned den 12. mars. For mange var det full jubel då dei fekk vete dette. Både Marte og Katrina blei veldig glade då dei fekk vete at skulen stengde ned, men Marte begynte etter kvart å kjenne på kor tungt det eigentleg var.

«Eg var eigentleg ikkje så overraska over at skulen stengte ned. Eg blei ganske glad i byrjinga, men etter ei stund kjente eg at det blei ganske tungt i hovudet», svarte Marte. Sjølv om det sikkert var mange i landet vårt som hadde det bare bra, var det ikkje enkelt for alle. Det var også dei som blei lei seg eller sure på at skulen skulle stengje ned.

«Den første gongen gjekk det eigentleg heilt greitt. Det var jubel inni meg! Men andre gongen me stengde ned, rett etter juleferien, ringte eg venninna mi og skreik til ho. Ho fekk det som ho ville, men eg ville helst gå på skulen», sa Andrea med aggresjon i stemmen.

Ho skjønte ikkje kvifor dei måtte stengje skulane igjen.

Regjeringa la fram at ein ikkje skulle møtast sosialt. Om ein skulle det, burde det vere ute. Dette var vanskeleg for veldig mange barn og unge. For det å ikkje vere sosial, er ikkje enkelt. Du og din mentale psyke blir rett og slett utfordra.

«Eg følte meg veldig irritert då eg fekk beskjed om at eg ikkje kunne vere fysisk i kontakt med andre. Eg blei eigentleg veldig sur», svarte Andrea. Marte synest også dette blei litt vanskeleg etter kvart. «Eg blei eigentleg ganske glad først», svarte Marte med ein latterfull stemme. «Men så blei det berre vanskelegare og vanskelegare å halde kontakten med vennene mine. Då var det ikkje like kjekt lenger».

Heldigvis var det ikkje alle som følte på at det var vondt. Nokon blei også glade av denne nyheita. Det er tross alt litt godt å kunne nyte litt stillhet inn i blant. «Eg blei eigentleg kjempe glad. For meg gjekk det fint å vere usosial. Eg gjekk litt tur med vennene mine, og ellers synest eg det var godt å få sitte heime å sleppe å gå på trening og så vidare», svarte Katrina.

Arbeidsmengde blei ganske mykje diskutert både blant lærarar og elevar. Det å få kontroll på kor mykje ein kan klare gjennom ein time er nemleg ikkje alltid så enkelt. Nokon kan føle det dei legg opp til blir for mykje, andre for lite. Andre gonger får du kanskje ikkje gjort noko fordi du blir så fort distrahert.

«Arbeidsmengda gjekk eigentleg heilt greitt. Eg synest det var nok oppgåver å arbeide med, men det var ikkje for mykje. Men når du har telefonen rett på sida av der du jobbar, og han plingar i eitt frå heile klassen, så er det ikkje så veldig enkelt å konsentrere seg skal eg seie deg», sa ei lattermild Andrea. «Men det skal seies at eg gjorde så godt eg kunne å tok mobilen min på lydlaust». Det var ikkje bare Andrea som synest det var vanskeleg å halde konsentrasjonen oppe. «Eg blei kjempefort distrahert. Mobilen låg rett ved sida av meg og det tikka inn snappar heile tida», svarte Marte.

Men det stoppa ikkje der heller. «I tillegg så ringte venene mine meg veldig mange gonger, så eg satt omtrent heile timen medan eg snakka med dei. Så eg fekk ikkje gjort heilt det eg skulle viss eg kan seie det sånn», sa Marte medan ho heldt på å le seg skakk ihel. Ja, det er jo ikkje alltid så enkelt!

«Eg klarte å halde konsentrasjonen ganske bra oppe og eg blei ikkje så fort distrahert. Det var for det meste berre når andre ringte meg, men eg gjorde det eg skulle gjere», svarte Katrina.

No har reglane endra seg, heile Noreg er ikkje under raudt nivå lenger, sjølv om skulane er heilt stengde her på Karmøy. Fortsatt er det tiltak ein må følgje for å halde smittespreiinga nede. For eksempel må ein halde god avstand til folk utanfor din kohort og bruke munnbind på offentlege plassar om det trengs.

Mange synest smittevernsreglane har vore vanskelege å halde, spesielt på skulen. «Det var definitivt vanskeleg å halde smittevernsreglane. Me er jo ikkje vant til det. Det blei veldig mykje forandringar på kort tid, og då vart det vanskelegare å følgje reglane», svara Marte.

Ja, det er ikkje alltid like enkelt å gjere det ein skal. Ungdomane har det ikkje så enkelt med desse reglane, men det er likevel viktig at ein prøver å halde dei. Vis omsorg for dei rundt deg. Sjølv om du kanskje ikkje blir sjuk kan andre blir det.

Vis at du bryr deg, så bryr andre seg om deg.

X