Brasilbesøk på DUO

Brasilbesøk på DUO
Danielsen Ungdomsskule Osterøy var heldige og fekk besøk frå Brasil, fredag 20.04.
Yvonne Bezerra de Mello har via mesteparten av livet sitt for gateborna i Rio de Janeiro. Yvonne vaks opp i ein velståande og mektig familie, men valte tidleg å bruka all energi og ressursar på å hjelpa dei svakaste gruppene i byen sin. Her har ho starta skule og hjelper born som kjem frå familiar prega av rus og vald. Dagleg opplever «Projeto Uere» at det er skyting i gatene utanfor skulen, og i 1993 var det 8 av borna som vart skoten av politiet.
Ho har lært opp titusenvis av lærarar i å undervise traumatiserte born på ein god måte gjennom Uere-Mello pedagogikken.
Lydhøre elevar frå heile skulen fekk høyra ei engasjert Yvonne fortelja om kidnappingar, trugslar og kamp mot korrupsjon i politikk og politivesen. Men det var òg ei forsonande dame, som på trass av alt det vonde ho hadde opplevd, ydmykt oppfordra alle til å bety ein forskjell der me er.
Yvonne hadde med seg Bent Raknes, som er politi. Han har i mange år vore sterkt engasjert i arbeidet som vert drive i Rio de Janeiro, og ønska å tilby skulen å få besøk av Yvonne.
Som ei lita takk fekk Yvonne ein skulegensar, som ho med det same tok på seg. Rektor fortalte kva løva i skulen sin logo stod for, og meinte dette passa flott på ei dame som Yvonne Bezerra de Mello.
Sjå også Bygdanytt sin artikkel (abo):
X