Byggjer sin eigen skule!

Byggjer sin eigen skule!

Denne veka har 9.kl. på DUO arbeidsveke. Elevar har fått seg arbeid på mange ulike stader. Butikkar, kaféar, fiskeoppdrett, verkstad, barnehagar, skular og endå meir. Nokon er til og med i arbeid på den norske skulen på Gran Canaria. Ein av dei som er glad for arbeidspraksis er Aslak Monstad. Han har fått seg arbeid på Arko Consult, og byggjer faktisk skule til seg sjølv! Vegg i vegg med DUO hamrar, snikrar og sager han med liv og lyst for at nybygget skal verta klart til hausten. Han seier at han trivest godt med arbeidet, og synes det er kjekkare å vera på den andre sida av klasseromsveggen. «Her slepp eg å sitta så mykje i ro, og det er lærerikt og interessant å arbeida her». Mykje skryt får han òg av byggebasen på plassen. «Ein lærevillig og dyktig gut», er kommentaren frå Kjartan Mjelstad. Tilbakemeldingane frå dei andre arbeidsgjevarane rundt omkring er óg veldig gode. Det er me stolte og glade for. Ein super 9.klasse som vil verta til stor glede for arbeidslivet om nokre år.

X